På styremøtet fredag var det brei semje om at skulen skal sende inn ein søknad til sentrale styresmakter om å få starte opp eit studietilbod der ein kan ta sjukepleiar-, eller vernepleiarutdanning som deltidsstudium i Volda.

Ingen konkurrent

På møtet sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim at dette vil i så fall ikkje bli ein konkurrent til sjukepleiarutdanninga i Ålesund og Molde, fordi Volda berre vil tilby deltidsstudium.

– Det er deltid og fleksible utdanningstilbod som no trekker flest søkjarar, sa rektoren – og la til at det er ikkje alle som kan pendle eller flytte til Ålesund for å ta denne utdanninga.

Distriktsbygging

Styremedlem Rasmus Stokke sa på møtet at såg på dette som eit svært viktig initiativ frå skule.

– Dette er distriktsbygging, og noko alle kommunar har behov for, la Stokke til.

Søknadsfristen for å kome i betraktning hos dei sentrale styresmaktene er allereie sett til 1. november. Så no blir det arbeidd på høggir hos administrasjonen på Høgskulen i Volda.