Tunnelen er stengd, skriv politiet i melding på Twitter/X klokka 13.19. Det blei først meld om røykutvikling frå ein buss inne i tunnelen.

Klokka 13.35 melder brannvesenet at dei har køyrt gjennom tunnelen, dei finn verken røyk eller bussen som skulle ha problem.

– Brannvesenet har tatt seg gjennom med røykdykkarar, utan å sjå nokon buss. Det er likevel meldt om røyk frå ein elektrisk installasjon. Tunnelen er framleis stengd, skriv politiet i ei melding.

Bilde tatt på austsida av Eiksundtunnelen. Det var då lang kø på staden. Foto: Terje Engås

Politiet trur bussen det blei meldt om røyk frå, har køyrt ut av tunnelen i retning Volda.

– Først fekk vi melding om røykutvikling frå ein buss i Eiksundtunnelen. No har røykdykkarar tatt seg gjennom tunnelen utan å finne nokon buss, seier operasjonsleiar Jørgen Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Klokka 14 får Sunnmørsposten oppgitt at det strøymer røyk ut av tunnelen på Eiksund-sida.

Klokka 14.10 seier Molnes til Sunnmørsposten at brannvesenet er på staden og det er meldt om røykutvikling frå ein elektrisk installasjon i tunnelen.

– Så lenge det er røyk i tunnelen så kan ikkje politiet gå inn, seier han.

Molnes presiserer at det ikkje er bilar i tunnelen, og at det ikkje er snakk om ein naudsituasjon. Men tunnelen vil vere stengt til det heile er avklart. Det er meldt om køar på begge sider av tunnelen.

Ikkje røyk, men damp

Klokka 14.40 melder politiet at tunnelen igjen er open for trafikk.

- Bussjåfør tok kontakt med patruljen og forklarte at bussen hadde gått tom for vatn. Etter å ha utbetra dette utvikla det seg ein del damp. Bussen er sjekka ut av naudetatar, ingen teikn til røyk. Tunnelen er open.

Alle naudetatane rykte ut til staden. Foto: Terje Engås