Tidlegare onsdag ettermiddag blei Hercules-maskinen observert i delvis låg høgde i Hornindal-traktene. Seinare på dagen tok flyet ein sveip over delar av Sunnmøre, før dei flaug til Ørland flystasjon i Trøndelag.

– Eg såg to kliss like fly over Hornindal, men kun eitt av dei var synleg på Flightradar, seier redaktør i Fjordingen Bengt Flaten.

Det skjer samtidig som øvinga «Dynamic Mongoose» går føre seg i Nordsjøen. Dette er ei årleg anti-ubåt-øving i regi av Nato. Den varer til 10. mai.

– Denne aktiviteten er ikkje tilknytt øvinga «Dynamic Mongoose», seier Hanne Olafsen ved Forsvarets operative hovudkvarter.

– Det er rutinemessig alliert trening.

Frå Sjøholt litt før klokka 18. Foto: Karoline Holm Standal

Olafsen vil ikkje gå ut med kor lågt flyet flaug på det lågaste:

– Vi kan ikkje kommentere flyhøgde, anna enn at dei har løyve til å flyge ned mot 300 fots høgde.

Det blir ikkje fleire amerikanske Hercules-maskinar å sjå dei neste dagane:

– Det er ikkje planlagt meir flyging med US C-130 i området, seier Olafsen.

Skjermdump frå Flightradar24 klokka 18. Foto: Flightradar24