Hamnesjefen tok ingen sjansar, og valde å sende ned dykkar for å sjekke om det vart gjort skade på anker og kjettingar på anlegget i Geiranger. Rekninga kom på 60.000 kroner.

Augnevitne: – Det kom ut av ingenting

– Rørslene var så store i fjorden etter steinraset, at vi tok ingen sjansar, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.

– Fann de skadar?

– Nei, det vart berre registrert litt slakk i nokre kjettingar, som dermed vart stramma. Om det skuldast raset, veit eg ikkje.

Hamnesjefen fortel at dei brukar å inspisere anlegget med dykkar annakvart år.

Ettersom dei gjorde det i fjor, og ikkje hadde planar om å gjere det igjen allereie i år, vart dette ein ekstrakostnad.