Den nyfødde flyktningen frå Syria har fått namn etter Linda Røssevoll, leiaren for akuttmottaket på Melshorn Hotell på Hareid.

Foreldra, som heiter Fedi og Aida, bestemte seg for å kalle si førstefødde dotter Linda. Vikebladet Vestposten skreiv om dette først.

– Dei seier dei gjer det for måten dei blir tekne imot her, og for at eg bryr meg, seier ei stolt Linda Haddal Røssevoll til Sunnmørsposten.

Overraska

18. desember var det innrykk av meir enn 100 asylsøkarar ved Melshorn Hotell på Hareid. Ni nasjonalitetar bur på mottaket. På denne tida har det vore to fødslar.

Linda er ikkje akkurat eit arabisk namn. Linda Røssevoll. seier det var uventa å bli oppkalla.

– Eg vart veldig overraska. Den såg eg ikkje kome.

– Og eg syns sjølvsagt det er ei ære, som ei stadfesting på at innsatsen vi har lagt ned blir sett pris på, og kanskje meir enn eg var klar over, seier Linda Røssevold Haddal til Sunnmørsposten.

Ingen episodar

Aida, mor til vesle Linda, fekk ikkje vere med på bildet. Røssevoll veit ikkje heilt kvifor.

– Eg veit ikkje kvifor mødrene ikkje skal vere med på bilde, at det berre er mannfolka som skal vere med, seier leiaren for akuttmottaket, som ikkje har spurt nærare om kvifor det er slik.

Med meir enn 100 asylsøkjarar frå ni land frykta ho at kanskje ikkje alt skulle gå like greitt. Men etter halvannan månad har det ikkje vore ein einaste episode av noko slag som ho har avdekt.

– Mange har spurt og lurt på korleis det går her, seier Linda Haddal Røssevoll.

– Og det går veldig bra, seier ho og gir skryt til dei tilsette. – Vi har ofte personalmøte. Det er mange folk her som ingen har møtt før. Då er det viktig å investere i dei som jobbar her. Det er ingen som har jobba her som har følt seg utrygge. Og vi har ikkje avdekt ein einaste episode, seier Røssevoll.

– Og asylsøkjarane veit at eg er tilgjengeleg og at døra til kontoret mitt er ope, seier ho.

Forlenga avtale med UDI

Akuttmottaket på Hareid har avtale med UDI for to månader om gongen. Avtalen er no forlenga til 6. april.

Men håpet hos dei syriske foreldra er at nyfødde Linda får vekse opp i trygge omgjevnader i Norge.

– Dei håper å bygge ei framtid her, seier Linda Haddal Røssevoll.