- Dette går ikkje an. Kor lenge skal vi akseptere eit slikt ferjemateriell på denne strekninga? spør Anders Fjørtoft, som bur på Haramsøya.

For vel tre veker sidan heldt han på å miste flyet til Tyrkia på grunn av havari med ferja «Kvam», som i ein periode var reserveferje for «Os». «Os» var då på verkstad for oppgradering. Etter tre veker er han no tilbake.

Anders Fjørtoft. Foto: Robert Kvam

- Det er nesten som om ferja skulle ha vore ute av drift alle dei tre vekene eg var i Tyrkia, seier ein opptrekt Fjørtoft.

Han legg ikkje skulda på ferjeselskapet. Etter hans meining er det fylkeskommunen som ikkje setter høgare krav til materiellet.

Ambulansebåt

Det var klokka 06.35 at ferjesambandet Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya vart innstilt på grunn av tekniske problem.

Frå rundt klokka 08.30 vart det sett inn ein ambulansebåt for å frakte passasjerar på ruta. Fleire måtte stå att fordi ambulansebåten ikkje har løyve til å frakte så mange, fortel ein passasjer til Smp.no.

Skyssbåt

Etter kvart vil det kome skyssbåt.

- Det blir sett inn ein mindre skyssbåt som følgjer rutetidene. Maks 12 passasjerar, opplyste Norled klokka 08.42.

Reiarlaget håper at ei reserveferje er på plass i løpet av dagen. Den vanlege reserveferja, M/F Kvam, ligg til reparasjon i Vegsundet.

- Vi jobbar med å få på plass ei reserveferje i løpet av dagen, og vi forsøker først å få leige ferje av Fjord1, sa regionsjef Inge Andre Utåker til Smp.no klokka 08.30.

Mindre brann

Utåker fortel at det oppstod røyk som følgje av ein mindre brann i motoren.

- Det oppstod ein mindre brann eller ein slags eksplosjon i veivrommet i motoren. Dette skjedde like før ferja klappa til kai på Skjelten, så ferja glei fint inn til kai, seier Utåker.

Han seier ei muleg årsak er at gammal sot har blanda seg med olje, som så har blitt antent, men at det er for tidleg å slå fast kva som skjedde. M/F Os kom nyleg attende frå eit verkstadopphald.

Etter det Sunnmørsposten har grunn til å tru var det udramatisk for passasjerane.

Begeret fullt

- Begeret er fullt for fleire driftsstansar sidan, seier ein som bruker ferja kvar dag.

Han fortel om fleire driftsstansar i sambandet berre sidan sommarferien, og han kallar dei gamle ferjene i sambandet for "teknisk museum".

- Og med dei smale ferjelemmane er det berre gamle småferjer som kan gå her, seier den frustrerte passasjeren til Smp.no.