Onsdag overrekte Ketil Jarl Halse i Gjensidigestiftelsen ein sjekk på 500.000 kr til Volda TI Fotball. Pengane skal brukast i bygginga av fotballhall på Volda stadion. Hallen som har fått namnet Mørehallen skal byggjast som isolert stålhall, med ei speleflate på 40 x 60 meter, og tre meter tryggleikssone rundt speleflata. Hallen skal kunne varmast opp og han skal innehalde toalett, vaskerom og lagerplass for mål og anna. Mørehallen vert den første fotballhallen bygd i stål i regionen.

- Det er med glede vi kan vere med å støtte engasjementet og innsatsen rundt realiseringa av ein fotballhall her i Volda. Det er ikkje ofte vi gir så store pengegåver som ein halv million kroner. Dugnad og eldsjeler er nøkkelord, aktivitet, barn og ungdom likeså. Då er vi med, sa Halse under overrekkinga.

- Litt av ei julegåve! Vi har nesten ikkje ord. 500.000 kr er nok til halve kunstgraset i hallen, takka Leif Tore Tilseth i byggjenemnda.

Planen er at Mørehallen skal stå ferdig til 17. mai neste år. Totalkostnaden for hallen er rekna til om lag 15 millionar kroner. Hallen oppfyller kriteriar stilt i vilkår for å få spelemidlar, og Sparebanken Møre har tidlegare gitt ei gåve på 1,5 millionar kroner til bygginga. VTI Fotball er også i gang med å selje «kvadratmetrar», andelar i hallen, til medlemmer og andre.

VTI Fotball er ein av dei største fotballklubbane på Sunnmøre, med nesten 450 aktive fotballspelarar og om lag 40 påmelde lag i krinsseriane. Volda stadion er del av det som no veks fram som ein idrettspark. Ved fotballhallen vil det også kome skatepark og terrengsykkelbane. Frå før er det sandvolleyballbane og diskgolfbane i området.

Slik skal Mørehallen i Volda sjå ut når han står ferdig i mai 2014. 3D-teikning: Firegrader.com.