Økonomisjef Ståle Anker Ljøen i Stranda kommune fortel at dei vel 3572 eigedomane i kommunen har fått tilsendt takstskjema og melding om takst på eigedomen. Rundt 700 av desse var hytteeigedomar, og nesten halvparten så mange har altså klaga.

– Hadde de venta så mange klagar?

Hjelpeberekning

– Vi tar inn dei klagene vi får. Det er ein måte å kvalitetssikre eigedomsskatten på, seier Ljøen.

Han presiserer at det ikkje går an å klage på vedtaket om eigedomsskatt, ei heller vedtektene som ligg til grunn.

– Eg ser ein del er misnøgde med at vi nyttar ein annan sjablong til fritidseigedomar enn bustadeigedomar. Sjablongane er ei hjelpeberekning for å komme fram til verdien på eigedomen.

Marknadspris

– Vi skal fram til marknadspris eller omsetningsverdien. Då vil ein kvadratmeter hytte på Strandafjellet koste meir en ein kvadratmeter bustad i Stranda sentrum.

Det er ikkje snakk om dubbelbeskatning i høve til bustad slik skattebetalarar har interesse av å framstille saka, seier Ljøen.

Les fleirenyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no