Sambuarparet kjøpte huset for to år sidan saman med faren til Inger-Helen.

Dei hadde då leita etter ei hytte ei god stund. Familien hadde budd mange år på ein husbåt og ganske nyleg flytta inn i tomannsbustad i Ålesund. Og berre éin månad etter at sambuarparet hadde selt husbåten, dukka det heilt spesielle huset opp.

– Då ringde eg pappa, smiler Inger-Helen og legg til:

– Vi eigde ei leilegheit i Bergen saman tidlegare og hadde eit veldig godt samarbeid om den. Og vi spurde om han ikkje tilfeldigvis trengde ein plass å bu når leilegheita han hadde budd i i Selje skulle rivast. Han var med med ein gong!

– Tenk å bu der!

Og det er ikkje kva slags som helst hus. Det er huset Inger-Helen som lita drøymde om å bu i.

– Vi hadde vore ein gjeng og spelt volleyball på Refvikstranda. Eg var cirka 13 år og etterpå gjekk eg saman med bestekompisane opp vegen frå stranda. Eg hugsar at eg peika på huset som då var i gule og grøne nyansar og sa «Tenk å bu der!».

Naturen er tett på. To lamaer på nabogarden kjem for å seie hei. Foto: Kjellrun Åsebø

Huset har endra seg ein del frå då. Dei tidlegare eigarane har skapt ein meir middalhavsinspirert stil. Ein stil Inger-Helen liker godt. Ho er også spesielt glad for at moglegheita til å ha eit helge- og sommarhus i nettopp Refvik opna seg.

– Det har vore draumen lenge. Til og med lenge før eg møtte Øystein, seier ho som sjølv har ho vakse opp i nabobygda, Raudeberg.

Frå den vesle stova i andre etasje er det ingenting å seie på utsikta. Foto: Kjellrun Åsebø

– For min del er det veldig kjekt å ha hytte i Refvik. Då får eg både reist på hytta og og besøkt familie samtidig. Det er litt lenger å reise, men vi slepp å reise mange ulike stader i helgene og her har eg mamma i nabobygda, pappa nært, broren min og familien hans er i Rimstaddalen og søstra mi og familien skal også flytte hit. Så då blir vi litt meir samla, smiler ho.

Inger-Helen, sambuaren Øystein og faren til Inger-Helen er veldig glade for at dei kjøpte huset saman. Foto: privat

Vil at tinga skal trigge

Stilen til Inger-Helen er prega av livet og interessene hennar. Og det er ho som får bestemme og ordne til rom for rom. Faren er veldig lik henne og synest alt som blir gjort i huset er godt, medan sambuaren og barna Jenny Adelen, Henrik Nikolai og Sigurd Leander adopterer litt det ho liker.

– Det blir mest meg som snik meg rundt på loppemarknadar og finn forskjellige ting. Og eg liker litt bohemsk stil og trivst veldig godt i det.

Grunnen til dette har noko med perioden ho budde i Australia å gjere, trur ho.

– Eg budde i eit litt alternativt område med ein god miks av alt frå cowboyar til hippiar og surfarar. Eg trur eg sugde til meg ein del av den livstilen. Og etter å ha reist ein del i Asia blei eg også glad i kor finke dei er med treverk.

Inger-Helen er glad i strender, sjøen og alt det spennande under havoverflata. Då er det godt å ha sommarhus nær den fine Refviksanden. Foto: privat
Inger-Helen har reisegener frå faren si side og tar ofte med seg ting heim frå tur. Foto: Kjellrun Åsebø

Ho er rett og slett glad i alt som skaper ein følelse.

– Så alt eg har i huset er ting som gjer meg glad og som triggar meg. Det er ting som har ulike historier knytt til seg. Og så har eg innimellom bilde som gir dei visuelle følelsane, forklarer ho.

Eit bilde av sand som renner gjennom eit par hender står på ei hylle på veggen og eit bilde av føtter som går i sanden der vatnet silar gjennom tærne står like over.

Ting som skaper ein følelse får plass i hyllene og på veggen til Inger-Helen og sambuaren. Foto: Kjellrun Åsebø

Hatten på veggen

Inger-Helen er veldig glad i ta vare på gamle ting, både eigne, men også gjenbruk generelt.

– Den hatten på veggen der kjøpte pappa på Bali då eg var 12 år. Eg har hatt den sidan.

Hatten som ho har hatt i mange år blir tatt godt vare på. Foto: Kjellrun Åsebø

Elles bruker ho mange ting som ho har kjøpt på loppemarknadar og i bruktbutikkar. Nokre ting bruker ho som dei er, medan andre får nye bruksområde. Eit skap har blitt til bord på den vesle stua oppe. Og skuffene frå eit naust i Selje har blitt dekorative hyller på soverommet.

Skapet er blitt eit bord som kan romme mykje. Foto: Kjellrun Åsebø
To skuffer er blitt til hyller. Foto: Kjellrun Åsebø

– Kva er favorittrommet ditt i huset?

– Det er soverommet på grunn av utsikta. Men favorittplassen på eigedommen er nok hybelen i garasjen. Den har vi spennande planar for. Der får du naturen endå meir tett innpå deg. Og den ligg på nivå framover mot stranda og du får solnedgangsfargane så fint inn, seier ho.

I samband med planane for hybelen i garasjen har ho allereie begynt å legge ut bilde frå eigedomen og området på instagramkontoen refvikbeachhouse.

Det er nok mange som kunne ha tenkt seg utsikta frå soveromsvindauget til Inger-Helen og sambuaren Øystein. Foto: Kjellrun Åsebø
Og den er like fin frå balkongen i andre etasje. Foto: privat

– På soverommet har vi vindauge på begge sider. Av og til får vi inn nordlyset og dei fine fargane, vi får inn vinden og skyggane du ser når det pøsregnar. Om morgonen når eg våknar kan eg sette meg opp i senga, få ein kopp kaffi opp i handa og sjå utover stranda. Utsikta er kjempefascinerande, smiler ho.

Fargane som kjem på kvelden er fascinerande. Foto: privat

Innslag av det maritime

På soverommet heng ei åre på veggen. Det gamle og det maritime i fint samspel.

– Det er nokre innslag av maritimt i nokre av romma sidan vi budde om bord i ein husbåt. Men utan at det blir for mykje, smiler ho og forklarer at livsstil og interesser har inspirert henne også.

Ei gammal åre frå faren sitt hus heng på veggen på soverommet. Foto: Kjellrun Åsebø

Inger-Helen elskar å surfe og dykke.

– Eg er faktisk sertifisert redningsdykkar. Eg begynte med dykking i Great Barrier Reef og har dykka i Malaysia og har sett så mykje sepnnane! Eg er rett og slett ekstremt fascinert av det som er under havoverflata. Og det går igjen i huset også. Finn eg noko som minnar meg om noko som er under havoverflata, må eg har det.

I trappeoppgangen er det to smale avlange vindauge. I det nederste har Inger-Helen plassert ting som gir henne ein god følelse. Foto: Kjellrun Åsebø
Og du får nesten inntrykk av at du ser inn i eit akvarium eller er nært ei strand. Foto: Kjellrun Åsebø
Også i gangen får ein tankane til å vandre til havbotnen og til stranda. Foto: Kjellrun Åsebø

Det er framleis mykje som står igjen å gjere i sommarhuset og i garasjen.

– Det står igjen mykje oppussing i åra som kjem. Vi har også planar for uteområdet. På oppsida av huset planlegger vi å lage ein fin og lun uteplass med utekjøkken og bålpanne, seier ho

Dei skal lage ein kvit mur som går langs eigedommen slik at dei kan sitte meir i ly og litt skjerma frå vinden gjennom heile året.

Det er lett å ta livet med ro på toppen av garasjetaket. Foto: privat

Og noko av det som toppar eigedomen er garasjetaket. Frå denne terassen har dei ei utsikt som rett og slett stadfestar kor nært stranda og sjøen feriehuset deira er.

Her sit Inger-Helen og søstra Juanita Sekkingstad og kosar seg under Strandfestivalen Refvik. Foto: privat
Og der er ikkje lange vegen for familien å gå ned til sanden. Foto: privat
Huset sin stil og eigedomen skil seg ut der den ligg eit lite stykke frå sanden. Foto: privat
I stua er det fine manilla-møblar. Foto: Kjellrun Åsebø
Stolane har velur-sitteputer som Inger-Helen på ein enkel måte har brukt på nytt ved å ta trekk utanpå. Foto: Kjellrun Åsebø
Frå stua har ein fin utsikt på alle kantar. Vasen og lyststakane i vindauget arva ho frå bestefaren Henrik Åland då han gjekk bort. Foto: Kjellrun Åsebø
Også frå spisestova ser ein nabo-dama. Foto: privat
Frå kjøkkenglaset ser ein også pin up-modellen på låveveggen. Foto: Kjellrun Åsebø
Inne i kjøkkenhylla har Inger-helen tatt igjen temaet. Foto: Kjellrun Åsebø
Badet i huset passar godt inn i stilen til Inger-Helen. Foto: Kjellrun Åsebø
Og også her har ho fått fram følelsen av hav og strand. Foto: Kjellrun Åsebø
Lokale bøker står på ei hylla på veslestova. Foto: Kjellrun Åsebø
Trappeoppgangen frå første til andre etasje. Foto: Kjellrun Åsebø
Sambuarparet og faren til Inger-Helen har planar for garasjebygget og skal pusse opp både innvendig og utvendig. Foto: Kjellrun Åsebø
Her er porten inn til eigedomen. Foto: Kjellrun Åsebø
Frå stua kan du også gå ut ei verandadør og ned på tunet der sambuarparet planlegg eit fint uteområde. Foto: Kjellrun Åsebø
I yttergangen blir sko og tøfler rydda vekk i ei korg. Foto: Kjellrun Åsebø
På veggen heng eit skilt som viser at stranda er veldig nært. Foto: Kjellrun Åsebø
Små avlange vindauge sørger for lys og forlenging av gangen. Foto: Kjellrun Åsebø
Huset har naturen tett på. Foto: privat
Med sauer og lamaer i nærleiken. Foto: privat
Ungane er glade i dyra. Foto: privat
Huset har ein litt middelhavinspirert stil. Foto: privat
Og av og til kan ein begynne å lure på om dette er på Vestlandet. Foto: privat
Det er litt av ei utsikt frå soverommet. Foto: Kjellrun Åsebø
Bildet på soverommet har mora til Inger-Helen måla. – Ser du dama i måleriet? spør ho. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette bildet har svigerfaren til Inger-Helen laga. Det heng i gangen oppe. Foto: Kjellrun Åsebø
Spesielt den eine lamaen var nysgjerrig på kva som skjedde då lokalavisa var på besøk. Foto: Kjellrun Åsebø
Sofaene i stua er også senger. I fleire av romma er også ting som Inger-Helen har tatt med seg heim frå reiser. Foto: Kjellrun Åsebø
På veslestova er det ei god atmosfære. Og heile rommet er full av personelege ting og brukte ting. Foto: Kjellrun Åsebø
Ei kasse frå loppemarknaden skjuler mange ledningar og spel-utstyr. Foto: Kjellrun Åsebø