Det fortalde den spreke 97-åringen til Sunnmørsposten i høve lanseringa av boka «Ragnar Ulstein. I krig og fred.» i Ulsteinvik måndag.

– Det var så lenge sidan eg hadde tenkt på dei yngste åra. Så eg måtte spørje meg sjølv: Var det verkeleg så hardt? Og eg kom fram til at ja, det var det. Men tok vi skade av det? Nei. Vi vart ein sterk generasjon av sunnmøringar grunna oppveksten vi hadde, seier Ulstein.

Og utdjupar vidare:

– Det var mykje hardt arbeid. Vi kom frå fiskeri, frå åkrar og frå setrene – og ikkje ut av skulane, som no.

Det var ikkje snakk om noko luksusliv. Men vi hadde glede av arbeidet vårt. Og vi vart stolte av å sjå dei flotte potet-åkrane. Ja, det var jo barnearbeid. Men så vart vi jo også ein sterk generasjon, fortel Ulstein til Sunnmørsposten.

Kjempa for krigsveteranane

Sjølv med boklansering midt i arbeidstida på Norli bokhandel i Ulsteinvik var det mange som hadde møtt opp både for å kjøpe eit rykande fersk eksemplar av boka – og å høyre Ulstein og forfattar Gunnar Myklebust fortelje om ho.

Ragnar Ulstein har nemleg ikkje berre levd eit langt liv. Han har også levd eit svært innhaldsrikt liv. Det vil nesten vere urettferdig å prøve seg på ei kort oppsummering i ein avisartikkel. I alle tilfelle er Ulstein både kjent som medlem av Kompani Linge under andre verdskrig, og seinare som journalist og forfattar av ei rekke bøker, først og fremst om andre verdskrig.

Ulstein har ein unik bakgrunn som både aktiv motstandsmann og som ein god vidareformidlar av andre sine erfaringar frå krigen.

Under lanseringsintervjuet vart det særleg lagt vekt på Ulstein sitt arbeid med at krigsveteranane skulle få krigspensjon. Ragnar Ulstein begynte å engasjere seg for dette som journalist i Bergens Tidende midt på 50-talet. I 1967 vedtok endeleg Stortinget krigspensjonen, noko som kom mange tusen til hjelp.

Jobbar med ny bok

Forfattar Gunnar Myklebust ville i samtale med Sunnmørsposten ikkje kalle den nye boka ein biografi.

– Men eg har vore veldig bevisst på at dette er Ragnar si historie, seier Myklebust.

Ideen til boka fekk Myklebust då han arbeidde med «Tungtvannssabotøren» om ein annan krigshelt frå Sunnmøre, Joachim Rønneberg. I arbeidet med den boka var Myklebust i kontakt med Ulstein, og seinare gjekk sistnemnde med på at Myklebust skreiv bok om han også. Arbeidet har tatt om lag tre år.

Og apropos bøker: Ragnar Ulstein er framleis aktiv med å skrive artiklar i ulike aviser. Og han er til dømes også aktiv på Facebook. Men det er snart 20 år sidan han sist gav ut ei bok sjølv. Det betyr ikkje at hans siste bok er gitt ut. 97 år gamle Ulstein held faktisk på med eit skjønnlitterært verk i desse dagar.

– Eg synest slik skriving er ei fin form for tidsfordriv, smiler Ulstein.

signering: Det var mange som ville ha boka signert av Ragnar Ulstein.