Etter at førespurnaden kom frå politiet rykte dei ut med ni mann. Dei oppmoda også Sunnmøre Alpine Redningsgruppe (SAR) om hjelp. Dei kom med fem mann. Jelle tok også kontakt med Stranda Skisenter for å leige inn trakkemaskiner. Det skal ha vore redningshundar i beredskap.

– Vi har hatt fleire større redningsaksjonar den siste tida. Vi må rekne med liknande aksjonar etter kvart som stadig fleire nyttar fjellet og går på toppturar. Denne gongen var det røynde folk som var uheldige, men

ikkje alle som tar ut på slike turar er like godt trente, seier Jelle til Sunnmøringen. Stranda Røde Kors har også godkjenning for ambulanseoppdrag utanfor veg.

Tilsette ved Strandafjellet Skisenter nølte ikkje eit sekund då det var snakk om å hjelpe til i bergingsaksjonen.

– Så vidt eg veit har det ikkje vore tråkkemaskiner på Tuvegga (1139 moh.) før. Fleire av oss er godt kjende i området, men utfordringa var å finne ei god rås langs ryggen. Nokre stader var det lite snø, men vi fekk byggje opp ein veg. Vi måtte også ta omsyn til nokre vatn i området. Planen var å nytte ein trakkemaskin med vinsj ned det brattaste partiet, slik at vi kom så nært den skadde som mogleg, seier Sjur Ringstad til Sunnmøringen.

Nytta vinsj

Han var med då maskinen som vart vinsja ned mot Tindeskarvatnet.

Med i trakkemaskinen var folk frå Sunnmøre Alpine Redningsgruppe (SAR) og Røde Kors, frå Stranda. I tillegg var det mannskap frå SAR og Røde Kors i Sykkylven.

– Det tok tid, men eg trur ikkje det hadde tatt kortare tid om ein skulle gå med pulk, seier Sjur Ringstad.

Politiet rosar den innsatsen som dei frivillige gjorde ved dette oppdraget.

– Eg personleg og dei andre i politiet har uendeleg med skryt av dei frivillige, og av mannskapet på skisenteret. Dette var verkeleg eit godt samarbeid. Ein innartiar, sa innsatsleiar Martin Grønsdal ved Sykkylven lensmannskontor.

SAR og Røde Kors er framme ved trakkemaskina med pasienten som hadde brote beinet. Dei får skryt frå mange hald om korleis dei løyste oppgåva. Foto: Sjur Ringstad