- At Arne Brimi kjem på besøk er ein inspirasjon for oss. Det er veldig bra at vi får denne dagen saman med han, seier Malena Gullaksen og Elisabeth Mostue som er to av elevane ved restaurant og matfag ved Borgund.

Heile skuledagen onsdag var sett av til mat av lokale råvarer av både salt, surt og søtt som seinare vart sett fram på nydeleg dekka restaurantbord.

Trivdest i lag

Arne Brimi kan ikkje vri seg unna at han er kjendiskokk, og det var tydeleg at han stortrivdest saman med elevane som laga til mat med liv og lyst. Her var kjekjøt, klippfisk, bær, rotgrønnsaker, svinenakke og til slutt den tradisjonelle norske blautkaka. Raspeball stod ikkje på matlista, men det er for mykje utanlandsk kopimat å få her og der.

- Eg brenn for matfaget og for ungdomen. Mat og folk er det viktigaste. Dette faget er svært gjevande, og folk vert glade av god mat, seier han.

Vil rekruttere

Han fortel at han går rundt og snakkar med elevane, men ikkje berre om mat og tillaging. Han gjev råd og vink om mange ting og tips når dei med tida skal ut i lære.

Gjennom året er han på nokre skular og snakkar med elevane. Han prøver å gje ungdomen puff i rett retning og i bakhovudet ligg tanken at det er viktig å rekruttere til matfaget.

- Det er eit flott fag, og Borgund er ein fin skule med flotte elevar, seier han.

Ønskjer å glede andre

Ulrik Aspehaug som er ein av elevane seier at dei skal verte superflinke kokkar.

- Vi skal lage mat som gleder gjestene, seier han.

Det var avdelingsleiar Sissel T.P. Brennholm som greidde å klippe tak i Brimi då dei møttest på ein konferanse, og Arne Brimi seier at både han og andre folk i Ottadalen har og kjenner ei tilknyting til Sunnmøre. Trass alt er det ikkje lange vegen imellom.

Folk må behandlast bra

- Men er det ikkje stor avgang frå kokkefaget?

- Det finst folk som ikkje skulle hatt kokkar tilsett, men der folk vert godt behandla vert det laga god mat. Det er som i private heimar. Der maten er god kjem gjestene att, seier han som også er oppteken av at reiselivet treng flinke kokkar og reiselivet treng landbruket, seier han som framhevar Hotel Union i Geiranger og andre vestlandshotell som har æra for mykje av turisttradisjonane.

- Restaurant og matfag ved Borgund har gode søkjartal til hausten, og vi kan fylle alle elevplassane før vi dreg ut for å  rekruttere elevane, seier avdelingsleiar Sissel T.P. Brennholm.