At bussen vart målt til 13,26 meter, berre 16 cm for lang, var ikkje godt nok for Vegvesenet. Sjåføren får ei bot på 8.000 i tillegg til at han blir politimeldt, opplyser Vegvesenet.

For få dagar sidan var det trafikk-krøll i Trollstigen då eit vogntog på 16 meter prøvde seg.

Måndag var det tungbilgruppa til Vegvesenet som var ute på kontroll. Leif Jarle Bergseth fortel at dei stod plassert like før oppstigninga til Trollstigen, innanfor der det er skilta med makslengde for køyretøy.

– Sjåføren hadde tydelegvis fått med seg at bussen er for lang. Han sa dette var sjette turen, og han meinte at det gjekk bra, fortel Bergseth.

– Via andre sjåførar har vi høyrt at det er så sjeldan kontroll ved Trollstigen, slik at dei prøver seg. Men no om sommaren er vi der eit par gongar for veka i alle fall, seier Bergseth.