Medan Sunnmøre politidistrikt kunne melde om ei overraskande stille natt på tross av festivaltilstandar i Ålesund, hadde politiet på Eid mykje å gjere.

Seint i går kveld vart ein mann i 20-åra meld for bruk av narkotika.

Litt seinare vart ein overstadig rusa mann i 20-åra bortvist frå festivalområdet på Malakoff-festivalen. Han blir meld for ordensuroing.

Kvart over ni laurdag morgon melder Politiet i Sogn og Fjordane på Twitter at ein overstadig rusa ungdom er bortvist frå festivalområdet og tatt hand om av politiet. Politiet varsla mora til ungdomen, som kom og henta han.

Send til sjukehus

Ei kvinne i 20-åra vart send til sjukehus på Eid i natt fordi ho var overstadig rusa, og ein mann i slutten av tenåra vart fråtatt førarkortet fordi politiet mistenkte at han køyrde i rusa tilstand. Det vart tatt blodprøve av mannen, og oppretta sak.

Ifølgje Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen, er ikkje dette unormalt knytta til ein festival som Malakoff.

– Festivalen er eit stort trekkplaster til Eid, og fleire av desse sakene har nok mykje med festivalen å gjere, seier han.