Bedrifta driv med sal og reparasjonar av laser, gps-utstyr og oppmålingsutstyr til bygg- og anleggsbransjen.

– Arve Myrstad AS er ein av svært få autoriserte Leica Geosystem-forhandlarar i Norge. Dei opplever god etterspurnad i marknaden, og har ei tid vore på jakt etter nye lokale, fortel Harald Espeland i Vekst i Stordal.

Dei har støtta etableringa med 250.000 kroner.

– Vi trengde å finne ei lokalisering som gjer det mogleg å ekspandere vidare. Mellom anna vil vi etablere ein spesialverkstad for elektronikk og optikk her i Stordal, seier Mats Myrstad.

Bedrifta blir leia av faren Arve Myrstad, som held til i Sandefjord.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no