Det er om lag 10 minutt å gå opp frå ferjekaia i fin, men litt bratt sti, melder Storfjordens venner på heimesida si.

Dei legg til at det er utfordringar når det gjeld trafikk og parkering, og at dei vil kome tilbake med meir informasjon om dette. Elles så er det lagt opp til eit tradisjonelt program, med lotteri, sal av rjomegraut og sosialt samvære.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

I år, som i fjor, blir det arrangert friluftscamp for born og unge frå laurdag til søndag. Sunnmøre friluftsråd vil stå for aktivitetane.

Tale for dagen er det Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune og utflytta stordaling, som står for. Det blir allsong, og presentasjon og informasjon om Grova.

Les heile programmet her (ekstern lenke)