Litt før klokka 05.30, søndag fekk politiet melding om ei utforkøyring på riksveg 15 i Stryn.

- Ein bil har havna i fjellveggen ved Svarstad og to personar er tatt med av ambulanse. Alle naudetatar er på staden, melde politiet i Sogn og Fjordane ved 06-tida.

- Begge dei to var medvitne, men klagde på smerter og blei difor med til legesjekk, heitte det seinare.

- Det var ein personbil, dette, og begge dei to i bilen vart tatt med, men det skal ikkje vere alvorlege skader, seier operasjonsleiar Olaug Holme til smp.no klokka 08.15.

Vegen var stengt ein kortare periode i samband med bilberging.

Ifølgje politiet er det ikkje mistanke om ruskøyring.