På to år har kommunen dekka gamle underskot med over 50 millionar kroner.

– Det har vore eit godt samarbeid mellom politikarar og tilsette for å få god styring på økonomien, seier rådmann May-Helen Molvær Grimstad i ei pressemelding.

Ho seier at overskotet skuldast ein kombinasjon av innsparingar innan dei fleste einingar og sektorar, og svært store meirinntekter, spesielt skatt og skatteutjamning, heilt på slutten av året.

Før helga kom også meldinga om at kommunen er ute av Robek i løpet av året.

– Det å vere ein Robek-kommune er krevjande – både for politikarar, tilsette og innbyggarar, legg rådmannen til.