Klokka 17.30 kunne 110-sentralen melde at brannen var slått ned og at dei hadde røykdykkarar inne for å gjennomsøke hytta for personar.

Litt før klokka 17.45 melder politiet på Sunnmøre at ingen personar er skadd, og at hytta er totalskadd.

Brannvesenet måtte jobbe for å sikre nabohyttene på Stavsengfjellet i Stordal.

Voldsomt med røyk

- Eg slo i veggen for å prøve å sjekke om det var nokon inne. Eg torde ikkje gå inn, seier Knut Jarle Gjerde til smp.no. Gjerde er pensjonert brannmann og kom køyrande forbi då han såg røyk og sprang bort for å sjekke.

- Ein nabo meinte at det hadde vore folk på hytta tidlegare i helga men at dei hadde reist igjen, seier Gjerde til smp.no, og legg til at det var voldsomt med røyk nær hytta.

Brannen har oppstått i eit hytteområde på Stavsengfjellet, mellom Liabygda og Stordal.

Både Stordal og Norddal brannvesen er ute på hyttebrannen, opplyser Møre og Romsdal 110-sentral på twitter.

- Vi jobbar med å sikre hyttene som ligg rundt. Brannen har slått gjennom på baksida av hytta, opplyste 110-sentralen til smp.no klokka 16.50. 110-sentralen opplyser at dei fekk inn melding klokka 16.29.

Brannvesenet jobba med ettersløkking ut over kvelden.