Trailer av vegen ved Hellesylt

Sjåføren er brakt til sjukehus etter ei utforkøyring på fylkesveg 60 fredag.

  Foto: Smp.no-tipsar

Indre

Bergingsarbeidet startar frå klokka 17.30. Vegen kan bli stengt i korte periodar frå klokka 19, opplyser Statens vegvesen.

Politiet og 110-sentralen for Møre og Romsdal melder at en trailer har kjørt av vegen ved Hellesylt.

Utforkøyringa på fylkesveg 60 skjedde rett ved Hellesylt sentrum. Bilde frå staden viser at kjøretøyet har reve med seg autovernet ved sida av vegen  og hamna 15-20 meter nedfor vegen.

Det er ikkje meldt om personskade og føraren er ute av bilen. Sunnmørsposten har også fått opplyst at sjåføren ringte arbeidsgjevaren etter ulukka for å melde frå.

Operasjonsleiar John Kåre Flo seier til Sunnmørsposten at sjåføren var medviten då han blei brakt frå staden i ambulansehelikopter.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.