Etter eit kraftig redusert krav går Hurtigruten ASA med på å betale Stranda Hamnevesen KF ei anløpsavgift på 144.420 kroner for 2012 og 208.651 kroner for 2013.

Medhald

Det gjer dei, sjølv om dei i Sunnmøre tingrett i fjor vinter fekk medhald i at Stranda Hamnevesen  ikkje hadde høve til å krevje inn anløpsavgift for hurtigruta sine anløp til Geiranger.

Dei fekk også medhald i tingretten i at det ikkje var grunnlag for å krevje reiaralaget for eit passasjervederlag, noko det ifølgje Lillebo berre er Stranda Hamnevesen som krev av Hurtigruten.

Til lagmannsretten

Dette vederlagskravet er partane framleis ueinige om, og passasjervederlaget blir difor einaste tema når partane møtest til ankesak i Frostating lagmannsrett i oktober.

Bakgrunnen for kravet er at Stranda Hamnevesen krev 15 kroner i vederlag for kvar passasjer som er om bord i skipa som kjem til Geiranger.