Ein 51 år gamal mann frå Sunnmøre er frifunnen for vald mot kjærasten sin gjennom fleire år. Kvinna har forklart seg detaljert om fem ulike episodar som skulle ha skjedd mellom 2004 og 2012, men den tiltalte nekta for å ha vore valdeleg.

Mannen forklarte i retten at han fleire gonger har heldt rundt kvinna eller lagt henne ned i golvet for å få henne til å roe seg ned. Årsaka skal ha vore at kvinna gjekk til angrep på mannen med slag og spark.

Følg smp.no på Facebook

Sunnmøre tingrett vurderer at det ikkje er bevist utover rimeleg tvil at tiltalte har gjort slik det står i tiltalen - og at han mellom anna skal ha mishandla henne medan ho var på veg til sjukehus for å føde.

I den grad det har vore vitne til hendingane, har desse forklart seg på ein slik måte at det ikkje stemmer med forklaringa frå fornærma.

Tingretten dømmer likevel mannen for å ha trua ein mann på livet etter at denne skal ha hatt sex med mannens kjæraste.

Han er óg dømt for å teke seg inn i bustaden til kjærasten i 2012. For desse forholda må han ut med 9000 kroner i bot.