Det seier Ole A. Ringdal. Han bur ein meter over havnivået på Hellesylt, og han eig den største bedrifta i bygda. Det er eit slakteri på 6.200 kvadratmeter med 60 faste tilsette – og heile 90 no i høgsesongen.

Flodbølgje

Ekspertane meiner at dersom Åkerneset litt lenger ut i Storfjorden skulle ramle ned, vil dette skape ei mange meter høg flodbølgje som kan leggje store delar av Hellesylt i ruinar.

Men dette uroar ikkje Ole. A. Ringdal:

– Dei einaste gongene eg tenkjer på ras og flodbølgjer er når eg møter folk utanfrå som spør om vi ikkje er redde. Men det er eg altså ikkje, seier Ringdal.

Han forklarer dette med at Åkerneset er godt overvaka, og at varslingssystema fungerer. Det viste situasjonen med Mannen i Romsdalen, der dei fekk varsel i god tid om å evakuere.

– Vi her inne bur ved den mest overvaka fjorden i heile verda. Difor føler eg meg heilt trygg, seier han.

– Men sjølv om folk vil overleve, så vil jo flodbølgja gjere store skadar, kanskje utslette slakteriet ditt?

– Eg trur ikkje det kjem noko kjemperas, eg. Fjellpartiet ved Åkerneset er ikkje så bratt som Mannen i Romsdalen. Åkerneset er mykje slakkare, difor kjem det nok helst berre mindre ras, trur Ringdal.

Det han derimot fryktar mest er at alarmen skal gå, evakuering blir sett i verk – og så let raset vente på seg:

– Vi kan ikkje ha ein situasjon der skular og næringsliv stoppar opp i vekevis. Det vil vere svært uheldig for lokalsamfunnet, meiner han.

– Er eit mogleg ras frå Åkerneset noko daglegdags samtaletema her inne på Hellesylt?

– Nei, det blir snakka svært lite om det. Ikkje fordi det er ubehageleg, men rett og slett fordi ein ikkje er oppteken av det. Det er helst de som bur utanfor som er oppteken av raset, ikkje vi.

Elva

– Sjølv er eg no meir uroa over at eg bur berre fem meter frå elva som renn gjennom bygda. For elva har ikkje vore større på 50 år. Men det ser heldigvis ut til å gå heilt fint, seier Ole A. Ringdal om det buldrande, våte udyret som dundrar ned mot fjorden.