Det er i den nye sesongen av «Hellstrøm rydder opp – hjemme» at han dreg til Stranda for å sjekke kva pizzaen faktisk er laga av. Ifølgje VG fekk han ikkje lov til å inspisere frabrikken.

Ifølge avisa hadde han av Orkla Foods fått beskjed på førehand om at han fekk kome utan kamera. Det ville han ikkje, og møtte opp med kamera på døra i Stranda.

Orkla svarar på si side at dei ikkje vil avsløre teknologien sin til konkurrentar.

- Vi har ei hemmelegheit på fabrikken og det er teknologien vår. Den er utvikla gjennom mange år og skal ikkje tilflyte konkurrentane våre. Difor gjer vi tydelege avtalar når journalistar og kamerateam er på vitjing om hva dei kan filme. Konkurrentar slepp vi altså ikke inn, seier kommunikasjonsdirektør i Orkla Foods Norge, Dag Olav Stokken til VG.