– Vi treng verksemder som satsar og veks skal vi nå målet om 75 nye arbeidsplassar i Stordal. Sitwell har dei siste par månadene fått verkeleg god fart på verksemda og tilsett fem nye personar. Dette ønskjer vi å markere ved å heidre dei som «Vekstvenn», seier Harald Espeland, prosjektleiar i Vekst i Stordal, i ei pressemelding.

«Vekstvenn» er eit tiltak i regi av Vekst i Stordal. Kvar verksemd som tilsett nye personar etter 31. august i år får eit nummerert diplom per nytilsett. Når målet om 75 nye arbeidsplassar i Stordal er nådd, blir det trekt eit nummer frå 1 til 75. Premien for verksemda som har vinnarnummeret er 100.000 kroner. Namnet til verksemdene som tilsett kjem også på «Vekstvenn»-plakaten som heng på Vekst i Stordal sitt kontor.

Møbelbedrifta Sitwell er første verksemd som blir «Vekstvenn».