Geiranger får eit nytt tilbod for turistane denne sesongen. No vert det muleg med miljøvennlege turar i ope firehjuling langs vegane rundt om i turistbygda.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Laurdag var det storfint besøk av artisten Omer Bhatti og gjengen hans i samband med ein opptreden ved Union-hotellet. Tomas Bakken er dagleg leiar i firmaet Emobility som står for tilbodet, og nytta høvet til å la artisten og venene hans prøve.

– Dei fekk ein prøvetur og synst det var artig, fortel han til smp.no.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Kring månadsskiftet april/mai vert det offisiell lansering når heile ti utgåver av doningen kjem til bygda. Dei små kjøretøya med namnet Renault Twizy, er formelt registert som motorsyklar med fire hjul, og går sjølvsagt på straum. Mini-bilane har plass til to passasjerar og kjem utan vindauge, for at turistane skal kome så nær på naturen som muleg.

– Emobility Geiranger skal tilby morosame opplevingar gjennom utleige av små, rare elektriske kjøretøy i Geiranger, heiter det på Facebook-sida til bedrifta.

I samband med lanseringa er Bakken på jakt etter 11 lokale sjåførar som kunne tenke seg å køyre dei særeigne framkomstmiddelet. Det er allereie muleg å låne el-skuter for å ta seg rundt i Geiranger, noko mellom anna miljøvernminister Tine Sundtoft fekk prøve i fjor haust.