Sunnmøre tingrett meiner kommunen har hatt sakleg og forsvarleg saksbehandling. Det blei forsøkt å legge til rette for nytt arbeid, etter at ho ikkje kunne halde fram i ein jobb ho hadde hatt tidlegare.

Retten er einig i at ho mangla nødvendige kvalifikasjonar, men tvilar ikkje på at saksøkjar er påliteleg og pliktoppfyllande.

Ho har også ein ikkje uvesentleg erfaringsbakgrunn etter å ha jobba 13 til 14 år i kommunen. Men retten legg vekt på at det er skjerpa krav til kvalifikasjonar innan den aktuelle sektoren.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no