Første spadestikk er tatt for bygginga av Valldal Fjordhotell. Torsdag stod maskiner klare til å grave ut tomta.

Hotellet blir liggande mellom Muritunet og elva, og skal stå ferdig 1. juli neste år.

Om vinteren står hotellet til disposisjon for Muritunet, som er eit senter for rehabilitering. Sommarstid skal det i første rekke vere eit turisthotell. Classic Norway skal stå for utleige av hotellet, som kjøpmann Erik Berg frå Molde skal eige. Også Innovasjon Norge har bidratt med midlar.

Planane har eksistert i alle fall sidan 2006. I 2012 var planen at Valldal Fjordhotell skulle stå klart to år etter. No er dei endeleg i gang.

Helsebygda på Sunnmøre

Det er snakk om 40 rom i første omgang, og det skal koste 50 millionar kroner. Tomta på 8 mål har Norddal kommune gitt vekk til formålet.

- Dette er ein draum som har gått i oppfylling, seier kjøpmann Erik Berg til Smp.no.

Samarbeidet mellom kjøpmannen og Muritunet skal etter planen gjere Valldal til helsebygda på Sunnmøre.