Det er ikkje berre ungane som jublar over snøen som kom ekstra tidleg i år.

Arne Ivar Lyngen, daglig leiar hos Bjorli Skisenter, har ei gladmelding til alle skikøyrarar.

– Vi har vore veldig heldige med vêret, og med rekordsnøfall både torsdag og fredag ligg alt til rette for at vi opnar alpinanlegget allereie i morgon, laurdag, fortel han entusiastisk.

– Fredag morgon hadde vi 42 cm nysnø nedst i bakken, og heile 72 cm på toppen, fortsett han.

Snøproduksjon på Stranda

På Strandafjellet Skisenter håpar dei at det kjem endå meir snø, og at det vert minusgrader lenge. For då kan dei i tillegg starte opp snøkanonane:

– Dersom vêrmeldingane held stikk, kan vi ta til med snøproduksjon allereie søndag ettermiddag. Klaffar alt vidare framover, ser eg ikkje vekk ifrå at vi kanskje kan opne anlegget allereie neste helg.

Det seier Stian Græsdal, dagleg leiar i Strandafjellet Skisenter AS.

Då Sunnmørsposten torsdag ettermiddag besøkte alpinanlegget på Strandafjellet, var det tett snøkave.

Sjur Ringstad, ansvarleg for anleggsmaskinene, hadde akkurat køyrd fram ei trakkemaskin.

Vaska

– Vi er godt budde på ein ny sesong. Alt saman er vaska og klart, seier Stian Græsdal.

– Kva er nytt frå i fjor?

– Vi har utbetra løypetraseane og gjort ei betre grunnpreparering, særleg på Roald-sida. Så her treng vi ikkje lenger så mykje snø før vi kan opne anlegget, fordi vi har jamna ut grunnen og drenert betre, seier Græsdal.

Han legg til at nye lys er på plass ein del stader, det er endra litt på snøanlegget – og dei har utvida parkeringsplassen litt.

Nærast rekord. Tom Anker Skrede, marknadssjefen som skal få folk til å besøke alpinanlegget, følgjer også spent med på vêrmeldingane:

– Det kan bli nærast rekordtidleg opning, seier han spent.

– Det var eit år at anlegget vart opna i oktober. Men så vart det stengd igjen. Vanlegvis er det sesongstart rundt månadsskiftet november/desember. Men kanskje vi kan kome i gang før no.

Sjekk vêret: Oppdatert vêrmelding for Nordvestlandet

KLART: Slik så det ut i skianlegget på Bjorli fredag ettermiddag. Foto: Webkamera på Bjorli
Stian Græsdal, dagleg leiar ved Strandafjellet Skisenter AS. Foto: Terje Engås
KLARE: Skiheisane på Strandafjellet står klare til å frakte skikøyrarane opp til topps. Foto: Terje Engås