– Stranda er i ein forferdeleg vanskeleg situasjon. I praksis er dei konkurs. Og det får følgjer for oss.

Det seier Anne-Lise Roald, styreleiar i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen (DGT).

Følg smp.no på Facebook

Må spare

Stranda kommune må spare der dei kan, og har vedteke å redusere sitt avtalte tenestekjøp hos DGT frå 1,35 millionar i fjor, til 500.000 kroner i år.

Det får DGT til å svare at dermed seier dei frå seg all turistinformasjonsdrift i Stranda kommune i år.

Det vil seie at dei legg ned turistinformasjonen ikkje berre i Geiranger, men også på Hellesylt.

– I verste fall må vi gjere det, men nå har vi nyleg hatt eit møte med Stranda kommune der vi ser på om det er mogleg å finne ei eller anna løysing i Geiranger i sommar, seier Anne-Lise Roald.

Håpar på løysing

Det håper også Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) at dei kan klare:

– Det vil vere beklageleg om det ikkje er råd å ha ope ein turistinformasjon i Geiranger i sommar. Men dette var noko vi var klar over kunne skje då vi fann å måtte redusere beløpet til DGT. Vi har berre ikkje meir pengar i Stranda kommune no, forklarer Tryggestad.

Han innser at alt håp er ute for turistinformasjonen på Hellesylt, men håper altså at det er mogeleg å få til ei eller anna løysing i Geiranger, som er den store turistmagneten.

Tryggestad meiner det er viktig for turistbransjen at det blir ein eller annan form for turistinformasjon i Geiranger.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

– Synd

Og ein av dei som er i bransjen er Lars Maråk. Han driv Geiranger Camping:

– Det vil vere synd om det ikkje blir ein turistinformasjon her i bygda, i ein eller anna utgåve, seier Maråk.

– Det er ikkje sikkert at den kan drivast slik som før. Men eg håper at den ikkje forsvinn heilt, legg Lars Maråk til.

Anne-Lise Roald i DGT er også oppteken av at det ikkje må skje:

– Det vil bli oppfatta som ein stor mangel både for næringa og for kundane om turistinformasjonen forsvinn heilt, seier ho.

– Trur du at det er mogeleg å berge turistiformasjonen frå full nedlegging?

– Eg er optimist av natur, og trur det. Men kva for løysing vi kjem fram til, det er det ikkje råd å svare på no. Vi er så vidt komen i gang med dette arbeidet, seier Anne-Lise Roald, styreleiar i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS.

TURISTSTRAUM. Turistane strøymer kvar sommar til Geiranger. Men i år kan bygda stå utan turistinformasjon. ARKIVFOTO: JUNE R. JOHANSEN