I Sykkylven resulterte to trailerar som kilte seg saman på det glatte føret på Ikornnes, til at vegen var stengd i om lag ein time onsdag føremiddag.

Dei to køyretya fekk etter kvart hjelp av Sykkylven brannvesen for å kome seg på vegen att. Også eit lokalt bilfirma var sentralt i å få køyretya på vegen.

På fylkesveg 654 ved Frøystadskaret i Herøy sperra ein lastebil vegen, frå rundt klokka 16, onsdag ettermiddag.

Ein politipatrulje vart sendt til staden, men desse var ikke meir enn så vidt komt fram, før sjåføren hadde fått på kjetting og fått lastebilen igang att. Sistnemnde vart meld klokka 17.20.

Les også: Trailer på tvers ved Glomset

Har du tips om trafikkuhell? Tips oss på 95400400 eller på 95400400@smp.no!

På fylkesveg 654 ved Frøystadskaret i Herøy sperra eit anna vogntog vegen, onsdag ettermiddag. Foto: Torill Myren