Dei flesteburde kunne møte svigermor si i ein fysisk konkurranse utan frykt. UnderNibberittet duellerte debutanten Niek Schreijer i klasse 40-49 år motsvigermora på 61 år.

Problemet for Niek, som av yrke er veterinær i Stranda ogSykkylven, er at svigermora heiter Coby Ytredal, busett i Norddal kommune. Cobyer langt sprekare enn 60-åringar flest, mellom anna med mange VM-titlar iveteranlangrenn.

Krampe i begge bein

Duellen vartjamn. Dyrlegen kryssa mållina på 1.48.00 og viste glede over og vere ferdig.Det kunne han vel gjere, for svigermora var berre 35 sekund bak.

- Eg hadde god kontroll til Djupvasshyttader eg passerte på ein time og tolv minutt. Like etter fekk eg krampe i beggebeina og måtte slakke på tempoet nokre kilometer, men det heldt, om enn medknapp margin.

Både Nibbeløpet og Nibberittet er på 21 kilometer, frå Geiranger til Dalsnibba. Høgdeforskjellen er på 1.500 meter.

Les meir omhardhausane som var i aksjon i Geiranger i papiravisa måndag.

Fem løparar vart heidra for 20 Nibbeløp av 20 moglege. Mellom dei hardhausen Ragnar Seljeset frå Hornindal. Foto: Atle Hole
Tøffaste mannen på Dalsnibba, Jo Nordskar, som vann Nibbedobbelen med totaltida 3.24.19. Foto: Atle Hole