Ein 42 år gamal mann vart flogen med ambulansehelikopter til Ålesund sjukehus etter å ha køyrd av vegen med motorsykkel i Geiranger måndag.

Ulukka skjedde i ein sving på fylkesveg 63 rett vest for Djupvasshytta.

Følg smp.no på Facebook

AMK-sentralen opplyser at mannen har moderate sår- og brotskader i andlet og hovud. Tilstanden hans er stabil, og han skal til vidare behandling.

Ulukka vart meldt til politiet klokka 20.02 og ein politibetjent vart med ambulansehelikopteret til Geiranger.

Det var to turistar som køyrde i følgje, då den eine køyrde av vegen, opplyser operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Det skal ha skjedd ei rekke ulukker i svingen der mc-føraren hamna utfor. I førre månad kolliderte ein buss og ein motorsyklist på same staden.

Spor på staden viser tydeleg korleis mc-føraren har køyrd rett av vegen. Foto: Maria Dahl Wattø