12 tilsette ved Stabburet sin pizzafabrikk på Stranda er oppsagte. Årsaka er mindre sal av pizza.

Det er Radio Storfjord som melder at 12 tilsette har fått oppseiing ved pizzafabrikken.

Overfor Sunnmørsposten stadfestar fabrikksjef Hans Jostein Langlo dette, og forklarer at dei må tilpasse produksjonen til etterspurnaden av pizza.

Men framleies er pizzafabrikken ein stor og  viktig arbeidsplass i Stranda, med om lag 160 tilsette. Akkurat no er det ferieavvikling ved fabrikken og berre halv produksjon. Men frå neste veke vil dei igjen vere i full drift, med ein produksjon på ca. 700.000 pizzaer i veka.

Les meir om denne saka i Sunnmørsposten si papirutgåve onsdag

Pizza Grandiosa blir produsert ved Stabburet på Stranda.