– Det er avslag frå kvartsitt, noko som fortel oss at pilespissane heilt sikkert er frå steinalderen. Slike funn har vi ikkje gjort tidlegare.

Det seier arkeolog Runar Hole. Han fortel at ei bogestilling, nokre stader kalla bågåstø eller sote, vart nytta av jegerar til å gøyme seg bak i samband med jakt på villrein.

Furseth

Vegvisar opp til Fetegga i Norddal var lokalhistorikar Astor Furseth, som gjennom fleire år har tråla fjellheimen og registrert om lag 900 slike bogestillingar frå Romsdalen til Geiranger.

– Dette er oppsiktsvekkjande. Det var ingen som trudde at det var så mange slike anlegg her i fjellet, at dei låg så høgt oppe – og at dei var så gamle, seier Furseth – som også har registrert dyregroper, steinbuer og kjøtlager i fjella.

Under snøen

– Det spesielle er at mange av desse funna først er blitt synlege dei siste åra, etter at det er blitt varmare, og snø og brear har trekt seg tilbake eller forsvunne heilt, legg Furseth til.

Den pensjonerte tannlegen i Valldal skriv mellom anna bøker om ras og bølgjer, oppdaterer rasstatistikk – og planlegg no ei bok om funna på fjellet.– Arbeidstittelen er «Det ukjende fjellfolket», fortel Astor Furseth.

Følg smp.no på Facebook

LOKALHISTORIKAR: Astor Furseth forskar på fjell og ras. FOTO: TERJE ENGÅS