Sauebonde Per Kjell Leite i Sunnylven i Stranda sendte 47 dyr på utmarksbeite. No har han fått heim att 23. Over 20 mann hjelpte Leite i arbeidet med å hente heim dyra.

– Vi fann ytterlegare fem daude dyr, slik at no har eg funne 15 daude lam og vaksne sauer. Men eg saknar framleis ni dyr som vi ikkje kunne finne att. Fire av dei er lam der vi fann mødrene deira. Så dei fire lamma er nok også drepne av ulv, truleg dei andre også. Totalt kan eg då ha mista 24 dyr, seier Leite til Sunnmørsposten.

Held att dyra sine

Dei 23 dyra han fekk ned att i live, passar han no ekstra godt på. Dei oppheld seg inne i fjøset, og er berre ein tur ute på beite på innmarka på kveldstid når han sjølv er heime og passar på.

At det er akkurat han som skulle miste så mange dyr, seier han skuldast tilfeldigheiter. Han sleppte ut dyra tidleg, dagen før ulven kom inn i området – og før Leite fekk vite at det var observert ulv.

Er ikkje i tvil

– Eg hadde maks uflaks, seier han i dag.

For at det verkeleg var ulv som drap dyra hans er det ikkje nokon tvil om.

– Det har rovvilkontakt Thomas Rødstøl i Statens Naturoppsyn stadfesta, etter å ha undersøkt dei daude dyra, seier Leite.

Ikkje sidan 1850-talet

– Er det noko erstatning å få for dei dyra du har mista?

– Det er det vel. Eg håper eg får litt, iallfall. Men det har eg ikkje fått tid til å sette meg inn i enno, svarer Leite.

Sau har dei drive med på garden i Sunnylven i alle år, men ulv har ikkje herja her sidan på 1850-talet.

– Eg mista eit 30-tals sauer på 1990-talet. Men då var det jerven som var den skuldige, legg Per Kjell Leite til.