- Kvar slår ulven til neste gong? Det er ikkje noko god kjensle å gå med dette atteletet, seier Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Sau og Geit i Møre og Romsdal.

Han driv sjølv stort med sau i Bjørdalen i Ørsta kommune.

Problem med fôret

Ifølgje Bjørdal reknar ein no med at til saman 25 sauer er tekne av ulven, på to gardar i Stranda og Sykkylven. 21 er funne døde og ni er sakna.

Sommarbeita bugnar for tida av grønt gras, men mange held framleis dyra på vårbeite for å verne sauene mot ulven.

- Vi kan ikkje nekte nokon å sende sauer til fjells. Men har du ikkje meir vårbeite, kva gjer du då? Skal du ta av vinterfôret? Du må ha fôr til vinteren også, seier Bjørdal og legg til at mange også må sende sauene til fjells for at graset på vårbeita skal vekse og bli til vinterfôr.

Mykje tid

- Det går mykje tid til dette. Vi har lagt bak oss tre-fire veker med nattevak i samband med lamminga, og så kjem alt fort i år. Eg har knapt begynt på vårvinna, og no er slåtten klar. Fleire er på etterskot, og no må vi begynne å bruke tid på dette, seier Bjørdall fortvila.

Gjeting

Slik han ser det, må ulven fjernast. Fylkesmannen har gitt fellingsløyve for ulv i kommunane Stranda og i Sykkylven.

Møte tysdag

Tysdag skal det vere eit møte med Sykkylven kommune, der ein skal avklare kva som skal skje vidare.

Jegerar må ha godtgjerdsle for jobben dei gjer, og på møtet vil det bli avklart kva ressursar som er til rådvelde.

- Det er ikkje noko hjortejakt dette, nei. Det blir som å leite etter nåla i høystakken, konstaterer Bjørdal.

Spørsmål om tid

Sauebonden frå Bjørdalen i Ørsta har lenge vore kritisk til rovdyrpolitikken siste åra.

Mange sauebønder held sauene lenge på vårbeite i år. Her frå Velledalen i Sykkylven. Foto: Anne-Mari Tomasgard