– Du høyrer det på flugene. Dei er ivrige no, seier naturoppsyn Thomas Rødstøl.

– Jegeren sat oppå haugen der, seier leiar i viltnemnda Kjell Perry Drotningshaug og peikar på det som må seiast å vere ein perfekt jaktpost med 360 graders utsyn.

– Då han vart skoten, sprang han nokre meter før han la seg ned og døydde med ein gong. Ifølge oppmålinga til Rødstøl, sprang ulven 26 meter før han gav seg på det.

Stor for alderen

Ulven, som truleg kom via Gudbrandsdalen, var etter det naturoppsynet kunne sjå eit ungt hanndyr på mellom eitt og to år.

– Ifølge dei lokale som har hatt han på vekta, er han rundt 45 kilo. Det er ganske mykje for eit så ungt dyr, seier Rødstøl. Kjell Perry Drotningshaug i Viltnemnda i Sykkylven seier det var godt å bli ferdig med jakta. Han var med i det kommunale jaktlaget som felte ulven torsdag kveld.

Thomas Rødstøl i Statens naturoppsyn dokumenterer åstaden der skotet traff ulven. Foto: Marius Myklebust

– Vi var 17 mann som sat på kvar våre postar. Vi sat vel om lag halvannan time før han vart skoten, seier Drotningshaug.

– Det ser ut til at dette har foregått på ein skikkeleg måte, seier Rødstøl.

Kan kome fleire

Rødstøl har aldri vore borti ulv på desse trakter før.

– Nei, det var ein oppi Lesja-traktene for ei tid tilbake. Men eg har aldri vore borti ulv på Sunnmøre.

Ulven blir no frakta til Åndalsnes og deretter til Trondheim for obduksjon. Foto: Marius Myklebust

Likevel ser han ikkje bort frå at ein må rekne med fleire streifdyr i dalføra både på Sunnmøre og andre delar av Vestlandet.

– Ulvebestanden blir større og dyra går lengre når ungdyra skal ut og leite etter revir. Eg ser ikkje bort frå at det kjem fleire dyr i dette området eller andre dalføre. Kvar dei dukkar opp, er litt tilfeldig. Det avheng av kva dalføre dei kjem inn i. Denne gongen er han truleg komen via Gudbrandsdalen hit til Sykkylven. Neste gong kan han kome i ein annan dal.

Ulven blir frakta til Trondheim for obduksjon over helga. Då blir det endeleg slått fast kvar dyret kjem frå.

Thomas Rødstøl i Statens naturoppsyn (til venstre) og Kjell Perry Drotningshaug i viltnemnda i Sykkylven. Foto: Marius Myklebust
Jegeren sat oppå denne haugen då han fyrte av skotet. Foto: Marius Myklebust