Køyreturen for ein varebil fekk ein brå stopp i Nakkedalen i Haram kommune. Bilen ser ut til å ha blitt stoppa av tre, men han står godt utanfor vegbanen.

Politiet fekk tips om bilen tysdag morgon. Då var det glatt på vegane, og det vart meld om fleire uhell og ulykker i trafikken - mellom anna hamna ein annan bil på taket etter ei utforkøyring i Hamnsundsvingen.

– Vi har prøvd å kome i kontakt med bilføraren, men har ikkje lukkast med det. Bilen står der nok enno, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre i politiet på Sunnmøre.

Politiet har vore på staden, og funne papir som indikerer kven som eig bilen. Saka er avslutta frå politiet si side.

– I utgangspunktet flyttar ikkje politiet bilar med mindre dei står trafikkfarleg til, så det blir opp til eigar.

Foto: Smp-tipser