Eit stabbur i Fiksdal vart totalskadd under ein brann, natt til tysdag.

Ifølgje politiet var stabburet i bruk som bustad, men mannen som budde der var ikkje heime då brannen starta.

Det er ikkje på det reine kva som starta brannen.

Saka vil bli etterforska vidare av Lensmannen i Vestnes.