Det var øving i ungdomshuset framfor den store heidersfesten for Ingolf Drabløs laurdag kveld. Han gjekk bort i fjor, men etter han lever minna og tonane i dei mange gruppene som han var med og sette sitt grep på.

Det store mannskoret som Beate Haddal svingar taktstokken over, er berre ein av aktørane i konserten i Eidet kulturhall, men dei har med seg dottera Ingunn som skal syngje med på kjende songar.

Ingolf Drabløs var frå Vatne, og det var i Skodje, Vatne og Haram at han først markerte seg musikalsk. Men han reiste tidleg til Grenland og der levde han også sine siste år. Han markerte seg også i underhaldningsmusikken i Sverige og i Danmark.

Alle pengane frå konserten og dansen skal gå til kampen mot kreften, og dei vert delt med ein firedel til dette arbeidet ved Sjukehuset Telemark og tre firedelar til Ålesund Sjukehus. Det er venta 600 personar til konserten først på kvelden, og på dansen frå klokka 22 kjem det nok til å vere 1.000 personar – minst.

Stort apparat

Dagfinn Ringstad sette i gang det store apparatet som dette har vist seg å vere. Det vaks så til at det vart mykje å ordne med, og 105 personar er med i produksjonen.

– Men vi har møtt så mykje velvilje. Folk vil vere med og alle seier ja. Dei vil heidre han Ingolf som hadde ein så lun måte å vere på, og som sette slike spor etter seg der han vart med, seier Dagfinn Ringstad som alt har fått inn 100.000 kroner i sponsing i billettsal.

Frå han som knapt nok konfirmant kom seg inn på ungdomshuset og heile resten av livet, er det tale om rundt 50 år på scena. Til minnesamlinga laurdag er det laga ei skriv som både fortel om dei som skal underhalde og spele. Her står det kva Ingolf Drabløs dreiv med, og at han også tonesette dikt av Trygve Orheim.

Her står om dei fleste orkestra han deltok i og fleire andre spelejobbar og engasjement i inn- og utland.

Les nyheiter frå Nordre Sunnmøre, Vestnes, Midsund og Sandøy på smp.no

<strong>Solist:</strong> Ingunn Drabløs skal vere solist i minnekonserten for faren. Foto: June R. Johansen