Delar av øysamfunnet i Haram har igjen vore fleire døgn utan telefon og internett. No ber kommunen og Rolls-Royce om eit møte med Telenor for å betre forholda.

Etter det smp.no kjenner til, er mellom anna fleire bebuarar på Longva  utan telefon- og nettdekning på femte døgnet.

– Dette er heilt uakseptabelt både for øysamfunnet og næringslivet her ute, seier plass-sjef Asbjørn Rogne for Roll-Royce-avdelinga på Longva til smp.no.

Ber om møte

No vil dei saman med kommunen be om eit møte med Telenor for å få skikk på dekninga.

– No er det mindre enn to år sidan vi sist hadde ein tilsvarande situasjon, og det tek igjen lang tid å få ting i orden. Vi kan ikkje ha det slik lengre, seier Rogne.

Avdelinga med 300 tilsette fekk på plass ei reserveløysing frå Telefon laurdag ettermiddag, men andre abonnentar og til dømes tryggleiksalarmane til omsorgseininga i kommunen er tysdag utan dekning på femte døgnet.

– Vi har prosedyrar for korleis vi handterer ein slik situasjon med at bebuarar får ekstra besøk og at vi vurderer å kalle inn meir bemanning. Men det er sjølvsagt ikkje det same som ein tryggleiksalarm, seier rådmann Turid Hanken i Haram.

Les flere nyheter fra Nordre Sunnmøre på smp.no

Må sette opp ny mast

Regional informasjonssjef Knut Sollid i Telenor fortel at selskapet håpar alt er i orden i løpet av tirsdag kveld. Han kan likevel ikkje love det 100 prosent, fordi arbeidet er noko veravhengig.

– Det er ei mast som blåste ned. Difor har det vore naudsynt å sette opp ein ny mast, seier Sollid til smp.no.

Han fortel at teleoperatøren har hatt folk ute på jobb både laurdag, søndag og mandag - men at arbeidet rett og slett har teke så langt tid.

– Samstundes har eg forståing for dei som synest dette har teke for lang tid, legg han til.

Avdelingsleiar Asbjørn Rogne i Rolls-Royce på Longva meiner det er uakseptabelt at Telenor bruker fleire døgn på å rette telefonfeil.