Via lenka under kan du oppleve turistruta fa Dalsnibba i Geiranger til Trollstigen via 10 bilde teke av fotograf Arild Solberg.
Ta 360-graders fototur frå Dalsnibba til Trollstigen
Ta 360-graders fototur frå Dalsnibba til Trollstigen
Skyter 360-bilde med «super-rigg»
Anslag viser at opp mot ein million menneske passerer strekninga der fylkesveg 63 slynger seg i hårnålssvingar ned på Romsdalssida.
På verdsarvliste
Statens vegvesen meiner strekninga inneheld «nokre av dei mest oppsiktsvekkande installasjonane vi har laga» og trekk mellom anna fram utsiktspunkta i Ørnesvingen og Flydalsjuvet i si omtale av vegen.
(saka held fram under)
Fjellgardane høgt over fjorden er også heilt spesielt for landskapet som er innlemma i UNESCO si verdsarvliste. Undervegs på den virtuelle turen «heng» du rett utfor garden Knivsflå, og du kan zoome deg over fjorden til den mest kjende, Skageflå.
Hundreårig veghistorie
Turen vår startar rett ved Dalsnibba. Ved å klikke på «Sunnmørsposten-S-ane» kjem du vidare til neste bilde. Slik går turen vidare via Ørnesvingane og fjellgarden Knivsflå, før du kan gå vidare over Eidsdal og til Valldal. Etter at du har gått via eit bilde i Valldalen endar du opp ved to bilde på toppen av Trollstigen.
Trollstigen var først sti og seinare rideveg, heilt fram til vegen blei starta i 1916. Ein kan framleis sjå kløvstien i terrenget, og den er farbar til fots. Frå toppen kan ein sjå 200 meter rett ned frå platået laga av Reiulf Ramstad Arkitekter, skriv Statens vegvesen på nettstaden nasjonaleturistveger.no.
Fleire 360-bilde frå Nordvestlandet
1 gigabyte
Utgangspunktet for kvart 360-bilde er ei bildefil på kring ein gigabyte, sett saman av bilde frå 11 Hasselblad-kamera (sjå hovudsak). For å gjere det brukarvennlig, er desse delt opp i ei mengde småbilde på 70 til 100 kilobyte.
– Det gjerast for at det skal vere muleg å zoome utan at det tek 100 år å laste. Ein treng fire til seks slike småbilde for å dekke skjermen, forklarar han.
Les intervju med fotografen: Skyter 360-bilde med «super-rigg» (krever innlogging)
(saka held fram under)
Ta 360-graders fototur frå Dalsnibba til Trollstigen
* «Hopp» til neste bilde ved å klikke på Sunnmørsposten-logoen. Til saman er det ti bilde på turen frå Dalsnibba til Trollstigen.
* Du kan «ta tak» i bildet med musepeikar - eller fingrane om du nyttar mobil.
* Du kan zoome deg innover i kvart bilde ved å scrolle på musepeikar, nytte tastar i botn av skjermen - eller dra i bildet på mobilskjerm.
* I bilda kan du navigere rundt med musetastane, scrolle inn og ut av bilde - og dei er tilpassa mobilbruk.
* Ved sidan av bilda har du eit kart som viser i kva retning du ser. Du kan «ta tak» på midten av stripa mellom kartet og bilde for å dra i kartet slik at det dekkjer meir av skjermen.
* Du kan òg zoome i kartet som på bilda og hoppe til nytt bilde via Sunnmørsposten-logoen.
* Personar som ikkje har gitt løyve til å bli fotografert er gjort ikkje-identifiserbare.
Les intervju med fotografen: Skyter 360-bilde med «super-rigg» (krever innlogging)