Etter det Sunnmørsposten forstår handlar dette meir om posisjonar meir enn politikk.

– Dersom vi ikkje får til eit fruktbart samarbeid, ser vi for oss at det er opposisjon som er løysinga, seier Annika Brandal i Hareid Venstre til smp.no på vegner av Venstre, Arbeidarpartiet og KrF.

Møte etter møte

Brandal fortel at det har vore møte etter møte, dag etter dag.

«Det har vore mange og omfattande forhandlingar heilt sidan valet, med sikte på å få til eit samarbeid mellom partane. Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet meiner vi har strekt oss langt for å kome til semje, men vi lukkast dessverre ikkje. Difor vert det no brot i forhandlingane på Hareid, og det underskrivne arbeidsutkastet til avtale vert å rekne som ikkje gjeldande frå i dag. Grunnlaget er usemje kring forståing av avtalar og liten vilje frå Folkelista til å kome oss i møte på halvvegen der vi er usamde», heiter det i ei pressemelding frå lokallaga til Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

– Ope kven som blir ordførar

Fristen som Hareid kommunestyre har sett for å konstituere nytt kommunestyre er 15. oktober. Høgre sin Anders Riise har vore ordførar i Hareid dei siste fire åra.

Brandal meiner det framleis er ope kven som blir ordførar dei neste fire åra. Dei fire samarbeidspartia var einige om at Kristian Fuglseth (Folkelista) skulle bli ordførar. Både Folkelista og Høgre har fått fem representantar i kommunestyret.

Annika Brandal i Hareid Venstre. Arkiv

– Det er ikkje her ueinigheita ligg, seier Annika Brandal i Hareid Venstre.

Avtalar og posisjonar

Usemje kring forståing av avtalar, og liten vilje frå Folkelista til å kome oss i møte på halvvegen der vi er usamde, er grunnen til brotet i forhandlingane, ifølgje pressemeldinga frå Venste, Arbeidarpartiet og KrF.

Dette er den skriflege avtalen mellom dei fire partia (Vikebladet.no)

– Brotet kjem etter at vi ikkje er einige om detaljar som gjeld andre politiske posisjonar i kommunestyret, forklarer Brandal til smp.no. Ho ønskjer ikkje no å gå nærare inn på kva som ligg i dette.

Det ho kan seie er at dei tre partia ikkje har lagt nokon plan for vegen vidare.

– Svært leit

– Personleg vil eg seie at det er veldig leit at det skulle bli slik, seier Brandal og gir tydeleg uttrykk for at ho opplever situasjonen svært ukomfortabel.

– Korleis kan de ta lærdom av dette?

– Vi må ta med oss erfaringa vidare, seier Annika Brandal i Hareid Venstre.

– Ingen kommentar

Kristian Fuglseth (Folkelista) seier til smp.no tysdag føremiddag at han inntil vidare ikkje ønskjer å kommentere.

Brotet opnar for at ordførar Anders Riise (H) kan halde fram. Heller ikkje han har kommentar.

– Dette er noko som vi i Høgre uansett vil diskutere internt først, seier Riise til smp.no.