– Tre kalvar på ein gong har ingen av kyrne mine fått før, seier gardbrukar Petter Sande til Vestlandsnytt.

Han trudde Litago denne gongen hadde tvillingar. At det var tre hadde han ikkje sett for seg.

To av dei er litt mindre enn vanleg, men alle ser ut til å klare seg fint, seier han til avisa.

Det er ikkje ofte at kyr får trillingar. Sjansen skal vere 0,1 promille, altså éin av 10.000 kalvingar, ifølgje gardbrukaren.

Lillian Bergesen opplyser til smp.no at kua vart inseminert med oksen 11506 Hauske. Om det har hatt noko å seie for utfallet er uvisst.

Sande seier til Vestlandsnytt at kua er litt redusert no, mellom anna med dårleg matlyst, men han reknar med at ho klarer seg fint.

Les fleire nyheiter frå Søre på smp.no