Søre Sunnmøre rettskrets kan godt utvidast til å inkludere Hornindal, Stryn, Eid, Vågsøy og Selje. Det foreslår tingretten i eit brev til domstolsadministrasjonen.

Slik håper tingretten å få bli i Volda, og sleppe å flytte til Ålesund. Men dei meiner også at det vil bli mykje meir praktisk.

Etter eit sonderingsmøte skriv Søre Sunnmøre tingrett no eit brev til Domstoladministrasjonen.

Kvivsvegen og Eiksundsambandet

Ulstein og Hareid ligg i dag under tingretten i Ålesund. Med Eiksundsambandet er det blitt mykje kortare frå Hareid til Volda enn det er frå Hareid til Ålesund. Derfor bør desse to kommunane bli lagt inn under Søre Sunnmøre tingrett, skriv dei i brevet.

Storkommune Stryn – Ørsta?

I tillegg foreslår dei å inkludere dei nordlegaste kommunane i Sogn og Fjordane – Hornindal, Stryn, Eid, Vågsøy og Selje.

Med Kvivsvegen er dagens tingrettslokale i Eid mykje nærare Volda enn Førde der Fjordane tingrett er lokalisert, skriv dei. I tillegg kan det bli kommunesamanslåing på tvers av fylkesgrensa.

– Søre Sunnmøre tingrett er orientert frå Volda kommune om at det truleg vert innleidd samtalar med Hornindal og Stryn, med sikte på mogleg samanslåing til ei storkommune, der også Ørsta er med, skriv tingretten i brevet.

Dermed kan tingretten bli rettskrets for to ulike politidistrikt, men det er dei allereie i dag, sidan Vanylven høyrer til Sogn og Fjordane politidstrikt. Dette har dei i dag gode tilbakemeldingar på, skriv tingretten i brevet.

Naturleg region

Til saman vil dette meir enn doble innbyggjartalet i rettskretsen, til nærare 70.000.

– Ein tingrett med nærleik til brukarane er viktig for rettskjensla for regionen, skriv tingretten i brevet, som er signert konstituert sorenskrivar Ole Ingar Ødegård og tillitsvalt Marthe Sleire Vatne.

Les nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no