Norges beste forelesar?

Ikkje alle hatar læraren sin, tvert imot: Så langt har 250 studentar stemt på Elisabeth Innselset i kåringa «Norges beste foreleser».

Populær forelesar: 250 personar har så langt stemt på Elisabeth Innselset i kåringa «Norges beste foreleser». FOTO: MARIUS BECK DAHLE 

Søre

Innselset er høgskulelektor i idrett og fritid ved Høgskulen i Volda.

Det er Morgenbladet som skal kåre den beste forelesaren i landet, og totalt har 7000 personar gitt i stemme så langt. Det er framleis mogleg å nominere og stemme. Innselset ligg førebels på ein tredjeplass.

– Dette er litt pinleg, og veldig kjekt! Det er utruleg motiverande å få ei sånn tilbakemelding, seier Innselset.

– Kva kjenneteiknar ein god forelesar?

– Skal eg summere opp det med tre stikkord, så må det vere entusiasme, engasjement og energi. Skapar ein engasjement blant studentane, er det større sjanse for at dei oppnår læring.