Det melder Vikebladet.

Den nyetablerte parken er ein kombinasjon av fleire typar av uteområde i ein tettstad; ein meir tradisjonell park med gras, benker og trær, elvepromenade, leikeplass, liten kunstgrasbane, sandvolleyballbane og minigolf, skriv juryen mellom anna i si grunngjeving.

Utdelinga skjedde på ei kommunalteknisk messe tidlegare i veka. Kulturleiar Leif Ringstad tok imot prisen i lag med assisterande rådmann Verner Larsen og ungdomsrådsleiar Aurora Dimmen Bratli.

– Eg er strålande glad for prisen. Sjølv om det er Ulstein kommune som har henta heim prisen er det viktig å understreke at parken har blitt til i eit samspel mellom ungdomar, grendelag, næringsliv og Møre og Romsdal fylkeskommune. På ein gledas dag som dette er det kjekt å dele prisen med både desse og arkitekt Siri Myklebust og Sandal Anleggsgartnar, seier Ringstad til avisa.