– Vi kjem frå Sandsøya, fyller 30-årsjubileum og meiner det er på sin plass å markere det «heime», seier administrerande direktør Roger Halsebakk i Sølvtrans AS til Vestlandsnytt.

«Ronja Challenger» vert døypt frå fiskerikaia på Sandsøya på laurdag. Då vert det også «open båt» slik at folk kan få ta ein titt på den 19. båten i porteføljen til reiarlaget.

– Markeringa laurdag gjeld våre samarbeidspartnarar og i tillegg alle våre vener på Sandsøya og Voksa. Difor utstyrer vi også bygdefolket som møter opp laurdag ettermiddag, med billettar til ein konsert med Stage Dolls om kvelden. Denne konserten, samt ei informasjonsseanse, skal haldast i eit telt vi set opp ved Rosenlund, seier Halsebakk til avisa.

Også Maria Holand Tøsse, Kjellen Bigset og gruppa Rotlaus skal underhalde dei frammøtte.

Oddleif Vorren og Ragnvald Halsebakk, to av dei som var med å starte selskapet, vert også å finne på arrangementet.