Ei byste av industribyggjaren Gerhard Voldnes skal avdukast i Fosnavåg onsdag. Det er Herøy Rotaryklubb som har tatt initiativet til bysta.

Gerhard Voldnes ( 1892-1976) etablerte bedrifta Gerh. Voldnes AS, som ein periode var det største private fiskerikonsernet i Norge.

Konsernet vart styrt frå Fosnavåg, der det i tillegg til fiskeriverksemder var fryseri og seinare skipverft. Voldnes-konsernet hadde og sildeoljefabrikkar i Måløy og Honningsvåg.

I dei store sildeåra på 1950-talet sysselsette Voldnes-fabrikkane kring 1000 personar i sesongane. I 1962 bygde Voldnes skipsverft i Fosnavåg som på det meste gav arbeid til 100 mann. Gerhard Voldnes var utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1967.